Vinjerock

Inspirert av Aasmund Olavsson Vinje, den første hipsteren i fjellheimen.

Vinjerock gir deg ei god blanding av livlege tonar og artistar frå fjern og nær, aktivitetar for alle, smaksopplevingar for dei matglade og veldig mykje kos.

Festivalen går over tre dagar i juli kvart år. På Eidsbugarden ved breidda av Bygdin samlast 3500 friskusar for å høyre kvalitetsmusikk med Jotunheimen som bakteppe.

I tillegg til talrike konsertar, får festivalgjengarane moglegheit til å boltre seg i fjellheimen. På programmet står alt frå guida toppturar til buldring og sandvolleyball på Jotunheimen strand. Me er opptekne av å servere mat frå gode lokale råvarer og til snille prisar. Utan seriøs mat og drikke kan du like gjerne legge deg i teltet og snorke, sa nokre kloke menneske ein gong.

”Kom her up og kjenn eit annat liv”

 Link til Vinjerock sin nettside - https://www.vinjerock.no

Joomla templates by a4joomla